25. februar, 2008 – 12:09
Eg sjekka nettopp konsertlista og såg at eg ikkje hadde komt meg avgarde på konsert ein einaste gong hittil i år. Kan dette verkeleg stemme? Eg prøver å sjekke med hukommelsen, men den kan ikkje hjelpe meg. Skandale. Skandale. Eg som er student og allting. Vel, denne veka skal det bli ei ordning på det. Det er Borealisfestival og billettar til både Mike Patton/Stian Carstensen og BORIS heng på oppslagstavla. Kanskje eg tilogmed dristar meg til å eit besøk på svartmetallaften på Gåsa laurdag? Dersom eg tør.
OPPDATERING: Skjerpings. Hukommelsen min burde fått avskjed på vått papir. Eg var jo sjølvsagt på Iron & Wine i hovudstaden i jaunar.
Erfaringsmessig går det sjeldan så bra med nyttårsforsett, men i heimen satsar vi frikst og har framleis store ambisjonar om (og trua på at det skal bli) meir fisk i kvardagen. Og takka vere BTs laurdagsmagasin fekk eg eit framifrå forslag servert på eit fat: Plukkfisk. I min barndom var dette ein av dei få fiskerettane eg fann akseptable. Men plukkfisk er då ikkje ein rett, høyrer eg deg sei. Spør ikkje meg, men ifølge matskribent Midttun er dette ein av yndlingsrettane hans. No til dags kan altså restemiddag vere ein yndlingsrett. Eg er ikkje vanskeleg å be iallfall. Dette er ei litt modda utgåve, sida BT si oppskrift etter mi meining var litt for gniten på potetene bl.a:
- 800 g kvit fisk (eg hadde ein pakke torskefilet i billegutgåve og ein pakke gourmettorsk i frysaren, det dugde)
- 8-9 poteter
- 1 lauk (kepa eller raud)
- 4 sjalottlauk
- Ca 200 g smør (meierismør feks)
- Graslauk
- Mjølk eller fløyte
Skrell poteter, skjer dei gjerne i bitar, og kok dei. Rensk og grovhakk lauken og fres den i panne med nokre klattar smør. Bland dei ferdigkokte potetene med lauken og mos/rør det saman med feks ei tresleiv. Ha i meir smør og spe med litt mjølk eller fløyte. Trekk fisken i ca 10 min og rør den saman med resten. Ha i resten av smør, spe eventuelt med meir mjølk eller fløyte og smak til med salt og pepar. Pynt med finhakka graslauk.
Dette er nok til to personar og det som vert til overs høver fint som middag ein annan dag.
Basert på ei oppskrift frå BTmagasinet laurdag 12.01.08.
29. desember, 2007 – 02:00
No går eg til sengs. Det får vere grenser. I Lindås derimot, der jaktar dei på eit ran.

24. desember, 2007 – 11:07
2007 var eit godt år for popmusikk. Eg likte blant anna desse platene:
The Shins - Wincing the night away
Field Music - Tones of Town
Wilco - Sky Blue Sky
Jens Lekman - Night falls over Kortedala
The Apples in Stereo - New Magnetic Wonder
Deerhoof - Friend Opportunity
The Field - From here we go sublime
Ungdomskulen - Cry-baby
The Sea and Cake - Everybody
Levon Helm - Dirt Farmer
2007 var også eit fint konsertår og dette er nokre av dei framifrå konsertane eg hadde gleda av å vere til stades på:
I Was a King
Gang of Four
Los Lobos
Magnolia Electric Company
Built to Spill
Gillian Welch
Jens Lekman
27. november, 2007 – 22:17
Det er kaldt i Bergen og det ligg framleis eit par sanktimeter snø fleire stader. Utanfor Haukelandshallen er der snø og aktiviteten er høg. Gutane prøver å dynke jentene og jentene prøver å dynke gutane. Det trengs 2-3 gutar for å dynke ei jente og 3-4 jenter for å dynke ein gut. Det trur eg omtrent er som for 15-20 år sidan.
7. november, 2007 – 20:09
Ifølgje Google og med søket avgrensa til dokument på bokmål:
Fjås: ca 1090 treff
Vås: 60 800 treff
Fjas: 98 700 treff
3. november, 2007 – 20:13
Kristoffer Joner gjekk tur på Torgalmenningen og Atle Douglas leigde dvd til junioren i sjappa på Danmarksplass.
23. oktober, 2007 – 21:55
BIFF 2007 går mot slutten og eg har sett fleire filmar enn nokon gong tidlegare på BIFF:
- Once upon a time in Norway
- About a son
- Heíma
- Import/Export
- Control
Av desse var det vel berre About a son om Kurt Cobain som skuffa. Control, ein film om Joy Divisions Ian Curtis, var fantastisk, det var også Heima, om Sigur Ros sin turne på Island - konserten før filmen var sjølvsagt topp. Once upon a time in Norway var ein dokumentar om norsk svartmetall som også var relativt bra, og eg fekk mykje god trivia med på kjøpet
I dei dagar då eg var student i Trondheim, brukte eg nettlesaren Opera. Dette er fleire år sidan no og eg har stort sett brukt Mozilla Firefox dei siste 3-4 åra. Ein funksjon som eg framleis saknar i Firefox er Paste and go i adresse-feltet. Denne funksjonen eksisterer framleis i Opera så Firefox: Skjerp deg. Dette må du då kunne klare.
30. september, 2007 – 23:40
Laurdag debuterte eg i Stoltzekleiven opp med tida 15:56 og ein 389. 1320. plass av 538. 1927. 7 min og 37 s bak vinnaren Jon Tvedt.